tirsdag 21. februar 2017

Om etternamn i ei ev. oppdatert bygdebok for Lesja

Da eg arbeidde med bygdeboka, kom eg raskt i stuss med etternamn-bruken i Lesja. Eg var oppvakse i bymiljø, der alle hadde sine faste etternamn og konene stort sett skifta til ektemannen sitt etternamn da dei gifta seg (trenden begynte å snu på 1970-talet, men mange av mine jamaldringar skifta namn slik).


Da eg begynte hadde Arne Amundgård alt skrive ut eit manuskript med dei fleste familiane i Lesja, frå 1600-talet og fram til kring 1980. Nå har eg ikkje det manuset tilgjengeleg, men bruken av etternamn var litt forvirrande. Det var som kjent ikkje før i 1923 at det vart påbode å ha faste etternamn i Noreg, og før den tid varierte namnebruken mykje. (Sjå nærare om skrivemåtenav namn i bygdebøker i dette innlegget).

Da eg kom til Lesja var det framleis slik at mange «skreiv seg» med eit etternamn som gjerne var ei meir gamalmodig form av namnet på heimgarden eller ein gard ein av forfedrane var frå. For nokre hadde vedkomande forfar kjøpt eller gifta seg til ein annan gard og halde på det opphavlege gardsnamnet som etternamn. Det mest klassiske dømet på Lesjaskog er Mølmen; Ole O. Mølmen, (1830-1912), sjå Øverlie (4-8), bd. 1 s. 299f, kjøpte mange gardar som barna overtok, og dei fleste heldt da på Mølmen som etternamn. Men i daglegtale vart folk på desse (og andre) gardar framleis  kalla med det gamle gardsnamnet - det var noko det tok meg litt tid å oppfatte.

Det uheldige med denne heilt nye namneskikken var og er at det kan føre til at folk begynner å bruke slike nye etternamn på folket også på gardane, der det opphavlege namnet kan vere tusen år gamalt. Det oppdaga eg raskt, og har sidan «slått ned» på slik bruk ved alle høve. Derfor synes eg det er kjekt at nokre gardbrukarar på Lesja i seinare tid har teke att gardsnamnet som slektsnamn.

I alle fall: den måten etternamn vart brukt på førte til at eg kutta ut desse namna i stor grad i bygdebokbinda, og det har nokre forståeleg nok reagert på. Slik det er gjort i bøkene, hadde / har kvar person som ikkje står med moderne etternamn (og det er nok over 99 % når vi reknar med alle:) det gardsnamnet vedkomande kom frå som etternamn.

Den første av hovudpersonane i ein familie der garden har gått frå foreldre til barn, kjem normalt frå familien framafor, og hadde dermed same etternamn. Den vedkomande gifta seg med står så med for- og farsnamn og «frå» ein annan gard. Da var det gardsnamnet vedkomande sitt etternamn, med same eller liknande skriftform.

I dei siste generasjonen før bøkene kom ut hadde så «avvikande» etternamn festa seg i større grad, og dei namna er så brukte i bygdeboka der eg fekk direkte melding om det frå folk sjølve.

I ein eventuell oppdatert versjon er det er aktuelt å legge inn i alle fall den siste generasjonen frå dei gamle bøkene, kanskje også lenger bakover, er det sjølvsagt naturleg å ta med etternamnet med den skrivemåten folk sjølve har valt. Viss dataprogrammet BSS blir brukt til oppdateringa, kan det programmet enkelt produsere namneregister, og da finn ein nok litt lettare fram i alle fall i den boka. Og mi meining er i alle fall at oppdateringa må følgje dei opphavlege binda og ha tilvising til bind- og sidenummer slik at ein enkelt kan gå til dei for å leite bakover.

mandag 20. februar 2017

Om denne bloggen

Ser at det kan vere nyttig med eigne bloggar for spesielle prosjekt. Eg kjem nok aldri unna Lesja eller bygdeboka for den bygda, som vart utruleg viktig for meg både fagleg (fekk vitskapleg stilling på Møre og Romsdal distriktshøgskule) og personleg (fann og fekk etablert eigen familie:).

Eg vil derfor bruke denne bloggen til informasjon om bygdeboka og refleksjonar om muleg oppdateringsprosjekt. Det har eg skrive innleiingsvis om i dette innlegget i den vanleg bloggen min.

Eg har elles brukt bygdebokarbeidet i mange faglege skriveprosjekt, m.a. i årsskriftet (årboka) til Lesja historielag og i andre samanhengar. Ein del slike publiserte arbeid er lagt ut på denne nettstaden (eit stykke nedover, dei øvste innlegga er "papirførelesingar" i generell lokalhistorie).