onsdag 19. april 2017

Om lokalhistoriewikien i bygdebokarbeid

I grunnlagsdokumenta (2011 og 2016) er eg inne på bruk av lokalhistoriewikien. Eg klipper like godt inn frå det siste notatet:
Det er altså gardshistoriedelane (sjå tilbodet frå 2011 s. 2) som ein kan gjere på wikien i større eller mindre grad (oppdateringsbindet bør nok ha noko slik informasjon i trykt form). Den store fordelen med wikien er at ein kan inspirere fleire til både å samle og publisere lokalhistorisk stoff. Det kan til dømes vere skuleelevar, som er meir vande med digitale medium. Gardshistoriene kan supplerast med utfyllande informasjon om personar knytt til gardane, spesielle hendingar osv. – større og mindre sjølvstendige artiklar som blir lenka inn til den enkelte garden eller bustaden. Dette kan sjølvsagt gjerast for alle slike objekt, også nyare bustadhus. 
Også andre prosjekt vurderer ei slik løysing. Eg er til dømes sjølv i diskusjon med Rauma historie-lag om eit prosjekt for gamle Grytten, og har skrive ein tidleg og mangelfull første versjon av ei slik gardshistorie her
Fordelen er som ein kan sjå at ein kan lenke opp til stader og uttrykk, gardskart, kjelder og nærare omtale av personar (sjå om Ola K. under Brukarar). Oppdateringar og supplement t.d. med gamle og nye bilde kan kven som helst gjere som har registrert seg som brukarar. 
Wikien har for så vidt ikkje mange slike relativt fullstendige busetnadssogeverk, men Heimar og folk i Bykle er faktisk komplett. 
Det viktigaste med ei wikiløysing er at ho er dynamisk og kan endrast etter kvart når ein oppdagar feil eller finn ny informasjon. Trykte medium er statisk og viser informasjonen per trykketidspunkt.
For meg er det eigentleg utilfredsstillande å ha to avgrensingar i skrivinga: 1) eit "fikseringspunkt" (når teksten skal leverast til trykking, og 2) sidetalet i trykte publikasjonar. I slik lokalhistorieskriving er ein på "mikronivå", men som ein veit - det er mykje som kan skrivast om enkeltpersonar og om gardar.

Det er altså som supplement til innhaldet i dei gamle bøkene, både gards- og personinformasjonen, wiki kan vere ei god løysing. For dei gamle bøkene begynte eg alt i 2009 med både å rette feil og supplere med ny informasjon om personar som står som "eller ukjent" eller manglande informasjon om familiane.

Lenke til oppdateringssidene:
Bind 1
Bind 2
Bind 3

Det var særleg krysstilvisingssystemet med familienummer det vart ein god del feil i, særleg for bind 1. Eg har ein arbeidskopi av den boka, der alle feil eg fann i bd. 2 og 3 vart ført inn. Desse feila er retta opp til og med Einbugardane under bind 1, men elles nokså tilfeldig.

Kven som helst kan registrere seg som brukar av denne nettstaden, det er gratis og den blir drifta av Norsk lokalhistorisk institutt så den kjem til å vere der i overskulege framtid. Eg har laga ein liten introduksjonsfilm som viser korleis ein kan bruke lokalhistoriewikien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar